Hemsedal Normisjon

Forening tilknyttet Normisjon

Hemsedal Normisjon

Hemsedal Normisjon ynskjer å vere eit kristentfelleskap for alle.

Informasjon om dei ulike arrangementa blir sendt ut på sms. Dersom du ynskjer å få sms varsling gje beskjed til leiaren.

 

Den fyste sundagen i månaden er det «Søndag og alle» arrangert av Normisjon, Hemsedal kyrkje og KRIK Høyfjellssenter.

Då startar det med middag frå kl. 16.00. Deretter er det møtestart kl. 17.00. Den fyrste halvtimen er felles før vi deles oss i barne- , ungdom og voksensamling. Kl. 18.30 avsluttast det med felles kaffe og kaker.

Ein torsdagen i månaden er det cafekveld. Dette er uformell cafe med varme vafler, frukt, kaffe, te og saft mellom kl. 19.30-22.00. Kl 20.30 er det eit innslag av «tankar frå tru og liv». Cafen er for alle, om du er 12 eller 80 år. Det er eit eige hjørne med brettspel om du liker det.

Om lag ein sundag i månaden er det temamøte. Temakvelden byrjar kl. 19.30 og inneheld song, tale og kveldsmat. Haustens tema er GLEDE.

Nokon sundagar kl…… det bibelstudium på Bedehuset. Då kan alle som har lyst møtast og lese frå bibelen ilag.

 

Normisjonen organiserer bibelgrupper. Dette er grupper som kjem saman for å lese bibelen ilag, be og dele liv. Kontakt med styret dersom du ynskjer å bli med i ei bibelgruppe.

Hemsedal Normisjon har ei internasjonal undergruppe. Denne arbeider for det internasjonale miljøet i Hemsedal.

Bakkekontakten; misjonsforeining som møtast heime hjå kvarandre ei gong i månaden. Kontaktperson: Monika Bakko tlf: 901 76 267

Det er ulike arbeidsgrupper som bidrar med faste ting på ulike arrangement. Vi har ei mat og pyntegruppe, leiegruppe, musikkgruppe og lydgruppe. Om du har lyst til å bidra i ei eller fleire av arbeidsgruppene gje beskjed til leiar Inger Marie Engene tlf: 971 93 229