Velkomen til Hemsedal Normisjon sine nettsider. Hemsedal Normisjon ynskjer å vere eit fellesskap for deg som er kristen eller ynskjer å vere i eit kristent miljø.
Hemsedal Normisjon fører vidare arven frå bedehus og misjonsforeiningar, som har vore viktige for hemsedøler i mange generasjonar. Samstundes er me i utvikling og vil møte nye tider med nye verktøy.
Vi har dei fleste samlingane våre på Ulsåk Bedehus (bildet) og på Kyrkjestugo i Trøym (sentrum).
Om du bur i Hemsedal, eller du berre er i bygda for ei kort tid, og ynskjer eit kristent fellesskap, vonar me du finn ein plass i Hemsedal Normisjon. Me vil ta i mot deg så godt me kan!