Hemsedal Normisjon

Kort om arrangementa

-Den fyste sundagen i månaden er det Møtepunkt, på Kyrkjestugo. Arrangementet er eit samarbeid mellom Normisjon og Hemsedal kyrkje. Les meir om arrangementet på Møtepunkt (kyrkja.no).  

-Ein torsdagen i månaden er det Cafèkveld, på Kyrkjestugo. Dette er uformell cafè med varme vafler/frukt eller anna godt å bite i, kaffe, te og saft. Åpen mellom kl. 19.30-22.00. ca kl. 20.30 er det eit innslag av «tankar frå tru og liv». Cafèen er for alle, om du er 12 eller 80 år. Det er eit eige hjørne med brettspel om du liker det.

-Ein sundag i månaden er det Sundagsmøte, på Kyrkjestugo. Møte retta mot vaksne, åpent for alle. Her talast og pratas om ulike temaer tilknytta trua vår. Starter kl. 19:30, kor det er mogleg å få ein kaffekopp fra kl. 19:15. 

 

Normisjonen organiserer bibelgrupper. Hemsedal Normisjon ynskjer stadig å slå et slag for dei mindre fellesskapa. Der kan vi lettare møtast fast for å dele tru og liv. Normisjon har bibelgrupper, og om du ynskjer å være med i ei gruppe, kan du sei ifrå til ein i styret eller sende e-post til: hemsedalnormisjon@gmail.com. Gruppene styrer seg sjøl, men møtes ofte kvar 14. dag, deler tro, liv, bibel, bønn og gjerne ein kveldsmat.  *Frist for å melde seg på til bibelgruppe i denne omgang er 30. januar. Det er lov å melde seg seinere, men jo fleire som melder seg, jo lettare er det å sette sammen grupper.

Bakkekontakten; Misjonsforeining som møtast heime hjå kvarandre ei gong i månaden. Kontaktperson: Monika Bakko tlf: 901 76 267

Det er ulike arbeidsgrupper som bidrar med faste ting på ulike arrangement. Vi trenger stadig nokon til å bidra å ordne til mat, pynting, leie, musikk eller lyd. Om du har lyst til å bidra i ei eller fleire ting, gje beskjed til ein i styret, eller sende e-post til: hemsedalnormisjon@gmail.com.