Verdiar

Verdiar

Hemsedal Normisjon vil nå dei unådde og gjere dei til disiplar.

Oppdrag:

Vårt oppdrag er å bygge fellesskap som tilber Gud, vitnar om Jesus,
tener medmenneske og veks åndeleg.

Våre verdiar:

Nærleik til Gud og menneske

  •  Vi ynskjer å oppleve nærleik med Gud, Jesus og Den Heilage Ande gjennom, undervisning, forkynning, bøn, lovsong og bibelgrupper.
  • Vi ynskjer nærleik til familie, naboar, vener og alle i det kristne fellesskapet vårt.
  •  Vi ynskjer å vere ekte og personlege og ha tid til og interesse for kvarandre.
  • Vi ynskjer å dele bodskapen om frelsa og fellesskapet med Gud med medmenneska våre, nært og langt borte.

Frimodig tillit til Bibel og bøn

  • Vi trur at Bibelen er Guds Ord og ynskjer å kjenne Bibelen sin bodskap.  Vi ynskjer å stå fast i truskap til Guds Ord og ynskjer å vekke interesse og lengsel for bodskapen hjå store og små.
  • Vi trur at Gud elskar oss, har omsorg for oss og svarer på bønene våre. Vi ynskjer at takk, bøn og forbøn skal vere ein naturleg del av samlingane i fellesskapet vårt og i det personleg kristenlivet.
  • Vi ynskjer at flest mogleg skal finne Guds vilje med livet sitt gjennom bibellesing og bøn.

Livsglede og mangfald

  • Vi vil gle oss over livet og alt Gud har gjeve oss. Fellesskapet vårt skal romme
    livsglede, takksemd, humor og latter, men det skal også vere opent for alvor og tårer.
  • Vi trur at Gud med vilje har skapt oss forskjellige. Vi ynskjer mangfald og kreativitet og å gje plass for alle i alle aldrar! Vi vil at det skal vere rom for ulike nådegåver og uttrykksformer. Vi vil at menneske skal få høve til å møte Jesus på ulike måtar, t.d. gjennom song, musikk, dans, drama, film og ulike møteformer.
    Ingen kan alt, men alle kan noko – difor har Gud utrusta oss med kvarandre!

Tenarsinn og omsorg

  • Vi ynskjer å ha engasjerte medlemmer som kjenner tilhøyring til fellesskapet.
    Vi ynskjer entusiasme for å gå inn i oppgåver og tillitsverv og lyst til å gje av seg sjølv og tida si til fellesskapet. Vi ynskjer regelmessige samlingar i gode og trivelege lokale der alle kan kjenne seg velkomne.
  • Vi vil hjelpe kvarandre til å finne rette oppgåver og tenester og gjere kvarandre gode til det vi gjer.
  • Vi vil støtte og be for misjonærar og andre arbeidarar og for kristne som vert forfylgde fordi dei vitnar om Jesus.
  • Vi vil spegle Jesu kjærleik, ved å syne omsorg og kjærleik for kvarandre og for menneske utanfor fellesskapet. Vi vil at alle skal ha minst ein god ven i fellesskapet. Vi vil bere over med kvarandre, gjere opp med kvarandre og elske kvarandre, slik Jesus lærer oss.